Halvor Folgerø

 

Konferansier festivalgalla

Halvor Folgerø er journalist, musikar, forfattar og humorist. Fødd på Stord. Han er no tilsett ved NRK i Bergen, og dukkar jamnleg opp som spesialkonsulent i Eides Språksjov. Er kjend for samarbeidet med Finn Tokvam, mellom anna gjennom Radio Røynda og Finn Erix, og dei to fekk i 2008 Målprisen frå Noregs Mållag for arbeidet sitt. Folgerø trakterer kontrabass og fagott, og har spelt med fleire artistar.

Folgerø debuterte i 2005 med romanen Tyl, som han skreiv saman med Finn Tokvam. Seinare har han skrive portrettboka Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012). Han turnerte i fleire år med humorrevyen «Vestlandsrevyen», saman med mellom andre Ragnar Hovland, Finn Tokvam og Olav Stedje.

 
 

Arrangement

Laurdag 9. juli kl. 20.30 Festivalgalla

Idrettshallen, Førdehuset

 

Forrige
Forrige

Guttorm Andreasen - alias DJ99

Neste
Neste

Harper/O'Connell/Wiik