Harper/O'Connell/Wiik
Irsk folkemusikk av beste merke
Brid Harper og Tony O’Connell er kjende som to av dei fremste utøvarane innan irsk folkemusikk i dag. Med bandet UAINE og som duo har dei herja den irske trad-scena i årevis. No går dei trio med den norske gitaristen Magnus Wiik, som tidleg i karriera si spelte på nokre av dei største festivalane for irsk musikk. I 2010 spelte han og Tony saman for første gong i Tunisia, som Fir Dana, og sidan har dei halde kontakten. Trioen spelar heilstøypt irsk folkemusikk inspirert av utøvarar som Frankie Gavin, Arty McGlynn og Aidan Coey.
Brid Harper kjem frå Castlenn i Donegal, og vert skildra som ‘one of the finest fiddlers in traditional music’ av The Irish Echo. Alt i 1988 vann ho den prestisjtunge seniorklassa på All-Ireland, den irske landskappleiken, og har ei rekkje andre utmerkingar å skilte med. Harper har spelt med det som kan krype og gå av den irske folkemusikkeliten.
Tony O’Connell kjem frå Glin i West Limerick. Han vann den irske landskappleiken som 13 åring, og gjentok det to år til. Seniorklassen vann han ved første høve, 18 år gamal. Soloplata hans Rooska Hill (2015) vart kåra til årets plate av Trad Connect, og debutplata med Andy Morrow og Arty McGlynn er av mange rekna som ei av dei beste irske tradplatene nokon sinne.
Magnus Wiik er for mange kjend gjennom bluegrasband som Open String Department og Julie & The New Favorites. Leiv Solberg i Folkemusikktimen, har skildra han som ei norsk utgåve av Béla Fleck, Ricky Skaggs og Tony Rice i ein og same person. Tidleg på 2010-talet turnerte han over heile Europa med irsk folkemusikk, som musikar i Altan og i samspel med musikarar som Gerry O’Connor, Ronan Ryan og Tony O’Connell.
Brid Harper - fele
Tony O'Connell - konsertina
Magnus Wiik - gitar