Sør-Fron spelmannslag

Foto: Thor Hauknes

 

Sør-Fron spelemannslag vart stifta i 1977 etter at Anton Amundgård og Arne Risdal hadde starta opp med felekurs for yngre utøvarar i 1974. Framover 1980-talet etablerte laget seg som eit av dei beste spelemannslaga i Norge. Dei har vunne både Landskappleiken og Landsfestivalen fleire gonger. I 1992 fekk Sør-Fron spelemannslag Spellemann for "Den lykkelige frier". Laget har gjeve ut fleire album og er dette året klar med ein ny CD-produksjon. Repertoaret til desse glade spelemennene er i all hovudsak tradisjonelt stoff frå Midt-Gudbrandsdalen. Det er Ola Kjorstad som er musikalsk leiar.

 

 
Forrige
Forrige

Sunnfjord juniorspelemannslag

Neste
Neste

Synnøve Brøndbo Plassen