Sunnfjord juniorspelemannslag
Sunnfjord juniorspelemannslag starta opp hausten 2020 som eit nytt samspeltilbod for dei yngste folkemusikarane. Spelemannslaget har sitt utspring frå Sunnfjord kulturskule, men er også ope for born som ikkje går i på kulturskulen, og har medlemmer frå Førde, Viksdalen, Dale, Naustdal og Jølster. Juniorspelemannslaget har vorte eit populært innslag ved mange tilstellingar i kommunen, og har hatt speleoppdrag i samband med fleire arrangement i Førdefestivalen sin regi, som Bornas Verdsdag Førde og OktoberFolk. Dei fekk også æra av å spele saman med sjølvaste Majorstuen, då dei hadde sin avskjeds-julekonsert i Førdehuset.
Leiarane av laget er Ingrid Schei Stuhaug og Ole Nilssen, distriktsmusikarar ved Sunnfjord kulturskule.
Desse spelar:
Aksel Søderstrøm Risting / Andrea Elise Obrestad / Eldrid Svidal Hovde / Håvard Oppedal-Hoff / Idun Oppedal-Hoff / Ingrid Schei Stuhaug / Kari Storøy / Lea Losnegård Pedersen / Liana Sofie Skuldalsnes / Linda Kristin Oppedal / Marie Liabø Iversen / Ole Nilssen / Sigrid Grepstad Nes / Sion Shankar / Solveig Storøy / Sondre Solvik Lien / Sverre Absalon Grepstad Nes