Sona Jobarteh
Nye kora-rytmar frå Vest-Afrika
Sona Jobarteh er den første kvinnelege koraspelaren som kjem frå ein vest-afrikansk griotfamilie. Ho er ein pioner og bryt ein 700 år gamal mannsdominert tradisjon, der musikken har gått i arv frå far til son. Jobarteh er ein virtuos musikar med ei markant stemme. Med fengande musikk og fantastisk sceneutstråling, har ho vorte eit populært internasjonalt namn i kjølvatnet av den første plata, Fasiya (Arv) som kom ut i 2011. Jobarteh har toppa artistlistene på dei største internasjonale festivalane i det meste av verda, og musikken hennar når lett inn til publikum uansett kvar dei er, kva bakgrunn dei har eller kva kultur dei tilhøyrer.
Koraen (afrikansk harpe med 21 strenger) er eit av dei viktigaste instrumenta som tilhøyrer mandinkafolket i Vest-Afrika (Gambia, Senegal, Mali, Guinea og Guinea-Bissau). Harpa tilhøyrer griotfamiliane, musikarslektene, og berre dei som er fødde inn i ei av desse familiane har lov å bli profesjonelle koraspelarar. Sona Jobarteh er frå ei av dei fem sentrale griotfamiliane, og er den første kvinna frå ei slik familie som spelar kora profesjonelt, i tillegg er ho både komponist, produsent og kulturentreprenør.
Familien til Sona Jobarteh har fostra mange store koraspelarar opp gjennom tidene: Bestefaren hennar var Amadu Bansang, eit ikon i gambisk musikk- og kulturliv, og søskenbarnet Toumani Diabaté er også ein av dei store korautøvarane vi har i dag.
Sona Jobarteh - kora, gitar, vokal
Mamadou Sarr - conga, djembe, calabash, vokal
Sidiki Jobarteh - balafon, perkusjon
Andi McLean - bass, vokal
Westley Joseph - trommer, vokal
Eric Appapoulay
Arrangement
Fredag 8. juli kl. 11.00 Møt artisten på Kardemomme: Sona Jobarteh
Kardemomme kaffibar
GRATIS INNGANG