Solfrid Molland
Med stor kjærleik til musikken
Solfrid Molland syng og spelar rumenske og russiske romske songar, og rammar dei inn med eigne viser farga av Aust-Europa. Musikken hennar er ein hyllest til styrken og spiritualiteten i den romske musikken. Ho løftar fram romfolket si rolle som viktige kulturbærarar i Europa gjennom tidene.
Molland vaks opp med russisk folke- og sigøynarmusikk, og europeisk kunstmusikk. På reiser som gatemusikar i Europa lærde ho songar av romske musikarar. Molland har gjeve ut fire album på Kirkelig Kulturverksted, to av dei i samarbeid med dyktige romske musikarar.
På årets Førdefestival skal Solfrid Molland ha Musikken er mitt hjemland-konsertar (sjå omtale lenger nede) i tre barnehagar i Sunnfjord kommune. I tillegg er ho ein av artistane du møter i dei stemningsfulle stovene på Jølstramuseet torsdag kveld, når festivalen igjen inviterer til Sommarnatt på Jølst.
‘Musikken er mitt hjemland’
Songar og trekkspelar Solfrid Molland syns det er ekstra stas å synge for dei minste. Då Molland reiste som gatemusikar rundt i heile Europa, fekk ho lære mange fine songar av spennande menneske ho møtte. I ein av byane ho budde, lærte borna både å synge og å spele eit instrument heilt frå dei var bitte små. Om kvelden, når det byrja å bli mørkt, lagde dei som budde i landsbyen eit stort bål der alle fekk plass rundt. Her er dei stille saman, dei syng saman, og dei fortel kvarandre eventyr. No får du høyre desse songane og eventyret om korleis musikken vart heimlandet til born og vaksne i denne landsbyen - og til veldig mange andre.
‘Musikken er mitt hjemland’ er ein produksjon Molland har laga til dei minste i DKS og barnehage.
Solfrid Molland - trekkspel, vokal
Arrangement:
Onsdag 6. juli kl. 10.00 Morgonstund med Solfrid Molland
Tussero, Vieåsen Barnehage
GRATIS INNGANG
Torsdag 7. juli kl. 10.00 Morgonstund med Solfrid Molland
Avdeling Toene, Solsida barnehage
GRATIS INNGANG
Torsdag 7. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølst
Jølstramuseet
Fredag 8. juli kl. 10.00 Morgonstund med Solfrid Molland
Sande Barnehage
GRATIS INNGANG