Sivert Holmen

Foto: Cathrine Dokken

 

Med hjartet i Valdres-tradisjonen

Sivert Holmen budde sine første leveår i Vadsø. Seks år gamal flytta han med familien til Aurdal i Valdres, og her møtte han hardingfela første gong. I ungdomsåra vart interessa for instrumentet, tradisjonen og musikken brått veldig stor. Interessa har følgt han sidan, og gjeve Sivert Holmen fantastiske opplevingar med konsertar rundt i mange deler av verda.

Valdrisen Sivert Holmen er ein av våre fremste formidlarar av tradisjonelt slåttespel på hardingfele. Han har studert på Norges musikkhøgskole og hatt Jan Beitohaugen Granli, Vegar Vårdal, Håkon Høgemo, Terje Moe Hansen og Per Anders Buen Garnås som sine viktigaste læremeistrar. I dag kombinerer han det ypparste frå hardingfeleverda med råskapen i Valdresspringaren. Kjernen i uttrykket hans er vare lyarslåttar, som får tida til å stå stille, og springarar, der du ikkje klarer å stå i ro.

Sivert Holmen var med i Førdefestivalen sitt internasjonale talentprosjekt i 2013, og er tildelt fleire prisar og utmerkingar: Fureprisen (2016), Øivind Berghs minnepris (2017) og årets unge folkemusikar (2015, med Bjørn Kåre Odde).

I 2021 gav Holmen ut si første soloplate, Jotunheimen der han samla mange av dei beste og mest særmerkte slåttane i Valdres-tradisjonen.

 

Sivert Holmen - hardingfele

 

Arrangement

Laurdag 9. juli kl. 15.00 Tett på: Sivert Holmen

Trapp Ned

 
Forrige
Forrige

Regndropeborna og andre dyr

Neste
Neste

Solfrid Molland