Regndropeborna og andre dyr
URPREMIERE
Barnedikta til Jan-Magnus Bruheim møter musikken til Sigrid Moldestad.
Familiekonserten er eit leikande møte mellom ord og musikk. Barnedikta til Jan-Magnus Bruheim vert av mange halde fram som noko av det finaste Bruheim gjorde. Han skreiv vare og brusande dikt om livet til både små og store. Han var oppteken av dyr og natur, og kan på mange måtar kallast ein tidleg miljøforkjempar med dikta sine. Å bli sett og teken på alvor som menneske er andre tema som går att.
Sigrid Moldestad har tidlegare jobba med vaksendikta til Bruheim, mellom anna på plata “Brevet til kjærleiken” i 2014. Gjennom arbeidet med denne plata vart ho merksam på den store skatten av barnedikt som er igjen etter Bruheim. - Desse dikta har eg tenkt på lenge. Eg syns rett og slett dei fortener større merksemd, seier ho. No har ho gått saman med musikarane Kåre Opheim og Jørgen Sandvik og laga ei konsertframsyning som publikum i alle aldrar kan lytte, danse og undre seg med. Musikarane leikar seg med element frå folkemusikk og ikkje minst spennande og fantasifull lysdesign.
Konserten passar for born i skulealder og oppover. Eit tingingsverk for Førdefestivalen i samarbeid med Vossa Jazz og Falturiltu.
Sigrid Moldestad - fele, vokal
Jørgen Sandvik - gitar, banjo, mandolin, vokal
Kåre Opheim - trommer
Sondre Meisfjord - bass