Puerto Candelaria
Rebelsk cumbia frå Colombia
Puerto Candelaria er det mest vågale, kontroversielle og nyskapande bandet colombiansk musikk har sett på fleire tiår. Den forfriskande musikken deira har kryssa grenser, latterleggjort autoritetar, styre og stell og ikkje minst sett ein ny kurs for uavhengig musikk i Latin-Amerika. Puerto Candelaria har djupe røter i colombianske tradisjonar, men hentar element frå andre sjangrar og skapar nye rytmar. Dei miksar røyndom og fantasi, og sper på med både teater, dans, humor - og karneval. Utan å nøle serverer dei syrlege spark til dei mange absurde sidene ved heimlandet Colombia.
Leia av pianisten Juancho Valencia har Puerto Candelaria utvikla konseptet sitt og vist veg for nye generasjonar musikarar i Latin-Amerika. Dei har hatt suksess med alle sine fem plater, og spelt i meir enn 80 byar rundt i heile verda. No er turen komen til Førde, og vi gler oss til ein energisk konsert i den fantastiske Sunnfjordsalen laurdag kveld.
Catalina Calle
Juan Felipe Arango Hoyos
Juan Diego Valencia Vanegas, piano
Gabriel Vallejo
Eduardo Gonzalez Moreno, bass
Carlos Didier Andrés Martínez Parado, perkusjon
Harlinson Humberto Lozano Santibañez, saksofon, klarinett
Julio Marin
Klennder Rosalez