Vardan Hovanissian & Emre Gültekin

Vardan Hovanisian & Emre Gültekin - foto: Dieter Telemans

 

Varig venskap

Vardan Hovanissian & Emre Gültekin symboliserer forsoninga mellom to folk. Med armensk duduk og kurdisk saz skapar dei eit lydbilde som både er melankolsk og fullt av håp. I 2018 gav dei ut si andre plate, med tittelen Karin. Karin er det gamle armenske namnet på byen Erzurum, som i dag ligg i Tyrkia. Tittelen refererer til fødestaden til Vardan Hovanissian sin bestefar. Han var ein av 200 som overlevde då 40000 menneske vart deporterte i folkemordet i Armenia. Plata er dedikert perioden då Karin var ein møteplass for ulike kulturar langs Silkevegen.

Dei to musikarane held fram å utforske banda mellom tyrkiske og armenske tradisjonar. Med musikken sin opnar dei dørene til den rike musikktradisjonen i dette urolege beltet, som også omfattar Georgia, Iran og dei kurdiske områda.

Vardan Hovanissian - duduk

Emre Gültekin - saz, baglama tanbûr, vokal

Marat Jeremian - dhol (indisk tromme)

 
 

Arrangement

9. juli kl. 20.30 Festivalgalla

Idrettshallen, Førdehuset

10. juli kl. 11.30 Vardan Hovanissian & Emre Gültekin Trio

Teatersalen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

ÆVESTADEN