ÆVESTADEN
Moderne folkemusikk på sitt aller beste
Svensknorske Ævestaden er ein trio som spelar nykomponert og tradisjonell musikk med gamle og moderne instrument. Lyrer, fele, munnharpe, langeleikar, kantele, vokal og eletronikk smeltar saman i eit spennande lydbilde.
- Låtane handlar om det medvite og det undermedvite - det verdslege og det heilage - om liv og død. Vi skildrar dei store kjenslene; alt frå intens bøn om å få innslepp i Guds rike, og eit ønskje om at nokon, nokon gong, skal tenkje på deg om kveldane. (Ævestaden)
Bandnamnet har dei henta frå Magnus Ulleland si nynorske omsetjing av Dantes ‘Den guddommelige Komedie’, og er eit uttrykk han brukar om helvete.
For Debutalbumet sitt, Ingen Mere Gråter, fekk dei Folkelarmprisen i open klasse. Reint musikalsk byr denne plata på element som vil kjennast nye og friske. Ikkje berre er nyskrivne songar fletta inn med salmetonar og gamle viser, her er også eldre folkemusikkinstrument blanda med elektroniske rytmar og effektar. I dette møtet lagar musikken seg sjølv.
- En karg, avskalad klangvärld som rör sig mot en närmast reducerad enkelhet, gränsande mot en naivism med omtagningar og upprepningar. (Magnus Östnäs, Lira Musikmagasin)
Dei tre musikarane, Eir Vatn Strøm, Levina Storåkern og Kenneth Lien, er alle multi-instrumentalistar. Dei kombinerer instrument på ulike måtar og opnar opp eit unikt lydbilde, der tidlause harmoniar og lag med minimalistiske motiv skapar ei vid og atmosfærisk verd. Likar du det monumentale, men også det såre og lågmælte? Skeive taktartar, sørgmodige lydlandskap, drivande rytmar og instrument vi kanskje ikkje høyrer så ofte?
Kenneth Lien - kraviklyre, munnharpe, langeleik, fele, vokal
Levina Storåkern - fele, kantele, vokal, live-elektronikk, langeleik
Eir Vatn Strøm - vokal, kraviklyre, live-elektronikk, synth