ZAGALA
Spanske dansetradisjonar med snertne arrangement
Zagala vart etablert i Madrid i 2015, av fem elevar av legendariske Eliseo Parra. I botn ligg ei genuin interesse for rytmar, songar og dansar i iberisk folkemusikk, inkludert tradisjonar frå dei baleariske og kanariske øyane. Zagala handlar om å utforske spanske dansetradisjonar som jotas, seguidillas, charros, fandanguillos, ajechaos og sevillanas. Med sterk vokal og varierte arrangement på gitar, fele, tamburinar og trommer, skeier, flasker og klapping, og elles det dei har for hand, har dei utvikla eit energisk musikkuttrykk, som slo skikkeleg igjennom på WOMEX (den største internasjonale verdsmusikkmessa) i Tampere i Finland i 2019! Vi var ikkje i tvil om at vi måtte få Zagala til Førde!
Josefa Gomez Llorente - vokal (hovud)
Alba Chacón Guijarro - tradisjonell perkusjon, vokal
Esther Sánchez Fernández - fiolin, vokal, perkusjon
David Torrico Martín - gitar, mandola, perkusjon, vokal
Iván Mellén Aparicio - perkusjon, trommer