Liv Gulbrandsen

 

Konferansier på opningskonserten, Røter

Liv Gulbrandsen er ein formidlar, historiforteljar og forfattar med lang erfaring frå scene, TV og radio. HO var i mange år leiar av organisasjonen ‘Leser søker bok’.

Ho har arbeidd med leseglede og litteraturformidling i ei årrekkje, reist land og strand rundt med framsyningar, foredrag og kurs, og har til og med motteke ein og annan pris. Mellom anna den høgthengande prisen Gullegget frå Forfatterforeningen i 2019. Gulbrandsen har gjeve ut tre bøker for born og unge, og skriv og framfører litterære gjenforteljinga ar kjende bøker.

Spesielt er Liv Gulbrandsen kjend for sine humoristiske oppsummeringar av litterære samlingar som Knausgård sin ‘Min Kamp’ og ’50 Shades på 90 minutter’. Hennar siste bragd er ‘Hold kjeft, det er Ibsen’, som har vore spelt på Nationaltheatret og turnert i heile landet. I mars vart framsyninga vist i Førdehuset.

"Kan noen vær så snill å kanonisere Liv Gulbrandsen? Det er bare å håpe at disse forestillingene lagres, i hjerter, hoder og klappende hender." - Klassekampen om Knausgård på 90 minutter

“Hun tar oss med på en Ibsen-reise som egentlig er hele landets ferd. Og underveis ler vi så vi skratter.” - shakespearetidsskrift.no


Arrangement

Torsdag 4. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Røter

Idrettshallen, Førdehuset


 
Forrige
Forrige

LINA_FADO CAMÕES

Neste
Neste

Madam Jam