LINA_FADO CAMÕES
Tradisjon og innovasjon hand i hand
Vi er enormt glade over å ha sikra oss fadosongaren LINA til den 34. utgåva av Førdefestivalen. Lina hadde ein eventyrleg suksess med Amália Rodriges-repertoaret ho produserte i 2020 i samarbeid med vidgjetne gitaristen og produsenten Raül Refree. Det resulterte i eit solid internasjonalt gjennombrot og ei rekkje musikkprisar og nominasjonar. På nyåret kjem oppfølgjaren, og denne gongen kastar LINA seg over poesien til Camões, ein av dei aller største referansane i portugisisk kultur. I tillegg debuterer ho som komponist. LINA vel sine produsentar med omhu, og denne gongen er det britiske Justin Adams som er den utvalde. Han har namn som Robert Plant (Led Zeppelin), Rachid Taha, Tinariwen og Souad Massi på si liste. Adams vaks opp i Egypt, og har arbeidd med artistar i ulike kulturar og særleg utforska samanhengane mellom blues og tradisjonar i mahegrebsk musikk. Desse afrikanske rytmane gjer seg også gjeldande i fado, og er noko av det han har teke med seg inn i samarbeidet med LINA. Det heile vert toppa med smakfulle arrangement av musikar og komponist John Baggott, som mellom anna har jobba med artistar som Massive Attack og Portishead.
Med den nye plata held LINA fram visjonen sin om å fornye portugisisk fado, som for lengst har plass på UNESCO si liste over den immaterielle kulturarven i verda. Ho leitar stadig etter korleis ho på ein personleg måte kan modernisere fadoen for nye lyttarar og nye generasjonar. Ho tok pusten frå publikum med sitt første prosjekt, og det er all grunn til å ha høge forventningar når Lina inntek ei av våre største scener, Storsalen i Førdehuset.
LINA – vokal og synth
Pedro Viana – portugisisk gitar
Lanina Khemelik – akustisk piano og synth
LINA_
Vinnar av den aller første Carlos do Carmo Award 2021 (Portugal).
Årets album 2020 - World Music Charts Europe
Beste verdsmusikkalbum 2020 – Deutsche Challplattenkritik
Vinnar av Prix de L’Académie Charles Cros (Coup de Coeur 2020) – Frankrike
Topp 5 over beste album i Le Monde 2020