Lena Jonsson Trio
Rotekte og karismatisk folkemusikk
Lena Johnsson har karismaen til ei rockestjerne og er ei av Sverige sine mest spenstige og innovative folkemusikarar. Med eit ope og nysgjerrig musikalsk sinn hentar ho inspirasjon frå fleire sjangrar og kombinerer sin grundige kunnskap om svensk tradisjonsmusikk med lyden av rock, pop, jazz, amerikansk ‘oldtime’ og blågras.
Lena Jonsson har vakse opp i folkemusikkmiljøet i Hälsingland, og alt som 11-åring spelte ho i band. Ho har utdanning frå Musikhøgskolan i Stockholm, Berklee College of Music, og fekk svensk folkemusikk si høgste utmerking, riksspelman, i 2008. Debutplata, ‘Places’ (2019) vart nominert til svensk grammy, og i 2021 vann ho i kategorien ‘Årets folk’ med oppfølgjaren ‘Stories from the Outside’, med Lena Jonsson Trio. I 2023 kom albumet ‘Elements’, også det til strålande kritikkar, og nominert til årets Grammis i Sverige i kategorien folkemusikk.
I Lena Jonsson Trio blir kraftfullt felespel vevd saman med variert og lydmalande gitarspel og drivande bassrytmar. I eit samspel som osar av speleglede, leverer trioen musikalsk briljans med humor, innleving og utstråling.
Lena Jonsson - fele
Kristofer Sundström - bass og el.bass
Erik Ronström - gitar
Arrangement:
Laurdag 6. juli kl. 12.30 706 moh.: Lena Jonsson Trio
Hafstadfjellet
Laurdag 6. juli kl. 20.00 Nordiske røter
Idrettshallen, Førdehuset
Søndag 7. juli kl. 17.30 Lena Jonsson Trio
Jakob Sande-tunet