Spöket i köket
Det sprøaste folkemusikk-storbandet i Sverige!
Mykje har vorte sagt om Spöket i Köket: ‘barnemusikk for vaksne’, ‘eit kjærleiksbarn mellom eit sanselaust rave-party og ein dans på lokalet’, med meir..
Bandet har spelt tallause konsertar rundt i Norden og i Europa, både på store festivalar og på klubbar, pubar, i bakgardar, på kafear og i kyrkjer. Ingen stadar klarer publikum å sitje i ro. Musikken deira kjem frå nordiske og canadiske folkemusikktradisjonar, i tillegg til eigne komposisjonar i tradisjonell stil, alt arrangert for Spöket si finurlege samansetjing.
Det er ganske enkelt ein liten katastrofoni av heimebrend folkemusikk i storbandformat. Det er like skjødeslaust skrikande som trygt og voggande, like oppildnande som avslappande. Det er ti musikarar som spelar tjue instrument og syng på fire språk. Hælen er solid planta i tradisjonsmusikk, medan tærne spriker i manouche-jazz, fusion, heavy metal og ein stor dose avantgarde pop à la Frank Zappa. Dei er noko heilt for seg sjølve, dei einaste i sitt slag!
I 2017 gav dei ut plata Den nye spisen, i 2019 kom Château du Garage og i 2022 Kurbits & Flames.
Nisse Blomster - gitar, mandolin, banjo, vokal
Signe Kierkgaard Schmidt - fele
Mads Kjøller Henningsen - fløyte, sekkepipe, munnspel
Lies Hendrix - trekkspel
Sebastian Petersson - trombone
Albin Lagg - trompet
Erik Larsson - saksofon, klarinett
Henrik Buller - saksofon
Erik Bengtsson - kontrabass
Emma Engstrom - piano, orgel
Arrangement:
Laurdag 6. juli kl. 20.00 Nordiske røter
Idrettshallen, Førdehuset
Laurdag 6. juli kl. 21.30 Endå meir dans!
Festsalen, Førdehuset