Ulf-Arne Johannessen: Å rekke å elske

 

Å rekke å elske er ei musikalsk og visuell forteljarframsyning om og med dansar, musikar og treskjerar Ulf-Arne Johannessen. Åleine på scena driv han forteljinga fram med videokunst, eigen musikk og dans. Både einradaren og treskjerarverktøyet - og tradisjonane knytte til dei – har Ulf-Arne arva frå slektningar. På same tid som han fører tradisjonane vidare, sprengjer han dei til bristepunktet, akkurat som han gjer med hallingdansen han har vunne fleire NM-titlar med.

Stikkordet er ‘lyst’. Eller snarare ‘trong’. Ulf-Arne treng å ikle seg desse tradisjonane, og å bryte med dei. Og han har gjort dei til ein leveveg. Morfaren til Ulf-Arne, levde eit motsett liv. Han ville meir enn noko anna søkje kunst- og handverksskulen i Oslo, men foreldra snakka han frå det, fordi å jobbe på jernbana gav betre pensjon. Etter tusenvis av frustrerte dagar i NSB, og på heimeverkstaden kvar kveld, går han hen og døyr før pensjonsalderen.



På scena – Ulf-Arne Johannessen
Regi – Aslak Moe

 

Arrangement:

Laurdag 6. juli kl. 18.00 Ulf Arne Johannesen: Å rekke å elske

Nynorskhuset, Teatersalen


 
Forrige
Forrige

Tuva Færden - Greiner

Neste
Neste

Votia