DJ CLAPTRAP
Rytmen skal gå, frå Mumbai, til Berlin, til Førde…
Fødd i Delhi, vaks opp i Mumbai, og no busett i Berlin. Claptrap er ein DJ og musikkprodusent som konstant flyttar dei musikalske grensene, både hos seg sjølv, og hos publikum. DJ-setta hans vitnar om ein eklektisk smak, kreativ historieforteljing, modige låtval, overraskingar, og framfor alt handlar det om å la rytmen gå!
Claptrap sin svært allsidige musikksmak har ført han til festivalar i mange ulike sjangrar, som til dømes Fusion Festival, Utopia and Zugvogel i Tyskland, Bozcaada Caz i Tyrkia, Colours of Ostrava i Tsjekkia, Afrikaburn i Sør-Afrika, The Borderland i Danmark, Nomad Festival i Nederland og mange andre. Og snart kan han legge Førdefestivalen, Norge, inn på lista. Det veit vi han gledar seg veldig til.