Ablaye Cissoko & Cyrille Brotto

Foto: Cedric

 

Unn deg ein musikalsk siesta

Ablaye Cissoko frå Senegal på kora og Cyrille Brotto frå Frankrike på trekkspel. Begge to eineståande musikarar frå univers som aldri sluttar å fornye seg. Møtet mellom kora og trekkspel er uventa og vakkert. Som ein vals mellom to ulike smakar eller ein samtale mellom samstemte instrument. Med sitt musikalske postkort frå Senegal inviterer dei to musikarane deg på ei åndeleg og personleg reise. Dette er musikk som klarnar tankane og inspirerer sansane. Velkomen til ein time der du kan finne ro og harmoni, lade batteria og ikkje minst, drøyme deg inn i musikken.

A master collaboration of kora & accordion … a gem from start to finish.
— Top of the World - Songlines

Ablaye Cissoko sin karriere strekker seg over meir enn 20 år. Han har spelt på Førdefestivalen både som solo-utøver og saman med Constantinople.  Cyrille Brotto er ein av dei leiande utøvarane på trekkspel og torader i Frankrike.


Ablaye Cissoko – kora, vokal

Cyrille Brotto – trekkspel, torader

 
 
 

  ARRANGEMENT

7. juli kl. 14.30 Ablaye Cissoko & Cyrille Brotto

Festsalen, Førdehuset



7. juli kl. 22.30 Columbi Egg (fredag) - Ablaye Cissoko

Restaurant Hugleik, Scandic


 
Neste
Neste

AJAZ UL HAQ