Almir & Daniel

 

Balkan-inspirasjon på sitt beste

Med røter frå Balkan iblanda skandinaviske element, har duoen Almir Meskovic og Daniel Lazar eit særpreg utan sidestykke. Dei to har begge meir enn 20 års erfaring med klassisk musikk, som dei blandar med alt frå balkanske rytmar og russiske folketonar, til Mozart og sigøynarmusikk. Dei har vore å høyre både med Kringkastingsorkesteret og Sølvguttene, og er sentrale i gruppa den internasjonale folkemusikkgruppa The Kuraybers, som spelte i på Førdefestivalen i 2021.

I hjartet av Balkan møtest og brytast musikk og kulturar frå fleire verdshjørne. Folkemusikken Almir og Daniel er vaksne opp med er påverka av sigøynarmusikk, jødisk klezmer, militær og klassisk musikk – og alt du finn mellom der.

Almir Meskovic er fødd i Bosnia og Daniel Lazar i Serbia, men det var på musikkhøgskulen i Oslo dei møtte kvarandre. I Norge har dei utvikla musikkuttrykket sitt på ein måte som får det vakraste ut av både trekkspel og fele, med inspirasjon frå ulike tidsepokar.


Daniel Lazar - fele
Almir Meskovic - trekkspel

 

 

Arrangement

6. juli kl. 23.00 SOMMARNATT PÅ JØLSTER
Jølstramuseet, Vassenden

 
Forrige
Forrige

AJAZ UL HAQ

Neste
Neste

Azada