Breabach

 

Skottane kjem!

Breabach er heilt klart eit av dei beste og mest levande folkemusikk-banda i Skottland. Dei kombinerer tradisjonane frå det skotske høglandet og dei skotske øyane med impulsar frå dagens moderne Glasgow, der dei bur. På platefronten har dei bak seg seks særs vellukka album, i tillegg fyller dei på med gjevande musikalske samarbeid med namn som Moana & The Tribe, Le Vent du Nord og Beòlach. Breabach har dei siste åra også blitt med på sync-bølgja og laga musikk til film og videospel.  

I 2022 gav dei ut plata Fàs, som på gælisk betyr vekst, utvikling eller at noko spirer. Plata er sterkt inspirert av naturen i Skottland, og Breabach tek med denne eit steg i ei meir progressiv retning med musikken sin. Dei er opptekne av å verne og ta vare på naturressursane, og dette gjennomsyrar heile prosessen med denne produksjonen av plata Fás.

Gjennom 17 år har Breabach spelt på alle dei store festivalane verda over. Dei har fyllt operahuset i Sydney og Central Park i New York. Fem gonger har dei vunne Scots Trad Music Award, dei har fleire nominasjonar til ‘Best Group’ i BBC Radio 2 Folk Awards og til  ‘ European Album of the Year’ i Songlines Music Award.

 

Megan Henderson - fele, vokal, dans

James Lindsay – kontrabass, moog, vokal

Calum MacCrimmon - sekkepipe, fløyte, bouzouki, vokal

Conal McDonagh – sekkepipe, fløyte, vokal

Ewan Robertson – gitar, cajun, vokal

 

 Arrangement

8.juli kl. 10.00 Kurs: Skotsk steppdans med Megan Henderson

Musikkrommet, Førdehuset


8. juli kl. 20.30 Breabach / Gatehouse

Idrettshallen, Førdehuset


 
Forrige
Forrige

Benedicte Maurseth – Systerspel 

Neste
Neste

Breda Gatan