Duo Ruut

 

Ungdommeleg og nyskapande folkemusikk frå Estland

Duo Ruut (Duo Kvadrat) – ungdommeleg folkemusikk. Dei er vener som samhandlar, men likevel to musikarar med ganske ulik bakgrunn og smak. Etter å ha funne ny inspirasjon frå forfedrane sine folkemusikktradisjonar i 2017, sat Katariina Kivi og Ann-Lisett Rebane ein dag der, med ein estisk zither midt mellom seg. På den eine sida var det eit samantreff av mange ulike faktorar, på den andre eit resultat av mange år med eksperiment og akademiske studiar. Det nye instrumentet var ein frisk start for duoen, og baud på mange måtar å skape og meistre nye teknikkar på.

Their music creates a soothing ambience, with every person in the room captivated by their synchronicity.
— The List

Det å komponere på eitt instrument gjev trange rammer, så Duo Ruut si største utfordring har vore å sleppe fantasien ut av boksen for å kunne mate musikken sin med nye og spennande idear.

I løpet av kort tid har Duo Ruut fått reise rundt i verda, og mellom anna turnert i Japan, spelt på prestisjefestivalen Celtic Connections i Glasgow, hatt konsert på WOMEX i Portugal, Trans Musicales i Frankrike og Eurosonic Noorderslag i Nederland.


Ann-Lisett Rebane – zither, vokal

Katariina Kivi – zither, vokal

 

 

Arrangement

6. juli kl. 20.00 Duo Ruut

Vesle Kinn, Florø


7. juli kl. 14.00 Duo Ruut

Høgsalen, Sogn og Fjordane Kunstmuseum


 
Forrige
Forrige

DJ NEFERTITI

Neste
Neste

Ein haile halve maone