DJ NEFERTITI

 

Kom og dans til kwaito, highlife, kizomba med meir..  

Norsk-somaliske Idil Mohamod tok DJ-namnet Nefertiti i 2009, då ho bestemte seg for å bringe arabiske og afrikanske sjangrar, som afrohouse, kwaito, highlife og kizomba, til norske dansegolv. Ho opplevde at Oslo, der ho budde, var rik på mykje anna musikk, men mangla arenaer der folk kunne danse til afrikansk og arabisk musikk. Initiativet hennar og musikken hennar vart svært godt motteke, og DJ Nefertiti har sidan hatt eigne klubbkveldar på mellom anna The Villa, Internasjonalen, Turkish Delight og Jaeger, samt at ho har vore ein gjengangar på Oslo World og andre festivalar og klubbar både i hovudstaden og elles i landet. DJ Nefertiti er ein av musikkformidlarane som har gjort at musikken du høyrer på klubbar blir meir og meir variert.

Vi er utruleg glade for endeleg å få DJ Nefertiti til Førdefestivalen, og vi håpar sjølvsagt DU blir med å fylle dansegolvet frå første takt, både fredag på Larris Scene og laurdag i Sunnfjordsalen. Det blir DJ Nefertiti-musikk mellom setta og heilt til slutt begge desse kveldane! 

Idil Mohamod - DJ

 

Arrangement

7. juli kl. 22.30 Daniel Lazar - Phantasmagoria /

Bab L`Bluz / DJ Nefertiti

Larris Scene, Scandic


8. juli kl. 22.30 Festivalnatt: Nkumba System /

Kanda Bongo Man / DJ Nefertiti

Sunnfjordsalen, Scandic


 
Forrige
Forrige

DIFFERENS - Silje Onstad Hålien og Sivert Holmen

Neste
Neste

Duo Ruut