DIFFERENS - Silje Onstad Hålien og Sivert Holmen

 

Dansar og musikar slik du aldri har sett det før

Differens er ein duett av og med den koreograferande dansaren Silje Onstad Hålien og den dansande musikaren Sivert Holmen. Dei utforskar møtepunkta og brytningspunkta mellom dans og musikk, og mellom musikar og dansar, i det som også er eit møte mellom det folkemusikalske uttrykket, strøymingane i samtida og eit moderne og improvisert scenespråk. På same tid handlar det om møte mellom menneske, om relasjonar og ulikskapar.

I dette prosjektet har Hålien og Holmen vore opptekne av å sjå kva som er mogleg å få til med berre ein musikar og ein dansar på scena – i ei full framsyning. Konseptet ‘dansande musikar’ har vore eit

sentralt tema. Korleis kan ein felespelar danse medan han spelar? Korleis kan du danse med ein som spelar – og korleis kan dans og musikk flettast saman.

  

Silje Onstad Hålien – dans

Sivert Holmen – fele, dans

 

Konserten er medprodusert av Førdefestivalen, Jørn Hilme-stemnet og Riksscenen, og støtta økonomisk av Norsk kulturfond.

Deler av Differens har vore vist i ulike samanhengar tidlegare, men i Førde der det første gong framsyninga vert vist i sin heilskap.

Arrangement

7. juli kl. 12.30 Differens - Silje Onstad Hålien og Sivert Holmen

Teatersalen, Førdehuset


 
Forrige
Forrige

DANSE, SA FELA

Neste
Neste

DJ NEFERTITI