DANSE, SA FELA

 

Friske hallingspark og saftig felespel

Vil du bli med på eI eventyrleg reise inn i huldrefolket sitt rike? Kva skjer eigentleg når ei lita jente vert bergteken? Kan fuglar, hestar og ormar hjelpe ho ut til menneska igjen? Med kløkt, spenst og listige hallingkast prøvar ho å fri seg frå sjølvaste Bergekongen.

Danse sa fela er bygd opp som eit eventyr, men er likevel ei moderne framsyning med tidlause referansar. Gjennom musikk og rørsler blir publikum dregne inn i folkemusikken og folkedansen si verd.

Silje Onstad Hålien – dans

Nina Fjeldet – fele

 

Silje Onstad Hålien frå Vang i Valdres er dansar utdannna frå Den Norske Ballethøyskole og Dance New Amsterdam i New York. Ho har vore sentral i utviklinga av det sceniske feltet innan folkedans, både med eigne forestillingar og i rolletolkningar på Det Norske Teatret, Västanå teater og Riksteatret. Ho vart utnevnt til Årets Folkemusiker i 2015, og i 2011 vart ho som fyrste kvinne i Norge kvalifisert til eliteklassa i hallingdans.

Nina Fjeldet frå Gausdal er felespelar utdanna frå Ole Bull Akademiet og Høgskulen i Telemark. Ho har turnert i land som Pakistan, Nepal og Storbritania, og vore mykje brukt som kurshaldar og formidling av den tradisjonelle musikken og dansen i både skulen og andre arenaer. Ho har dei siste åra arbeid som produsent innan folkemusikk- og folkedans, og er dagleg leiar for festivalen Kalottspel.

 

Arrangement

5. juli kl. 16.30 Ut på tur, aldri sur!

Sersjantløa, Sunnfjord Museum


 
Forrige
Forrige

Daniel Lazar

Neste
Neste

DIFFERENS - Silje Onstad Hålien og Sivert Holmen