Daniel Lazar

 

Tingingsverket: Phantasmagoria

Gjer deg klar for ei heilt spesiell musikalsk oppleving når balkanske og skandinaviske musikktradisjonar smeltar saman på ein moderne og levande måte. Alt er skapt og vert leia av den talentfulle musikaren og komponisten Daniel Lazar. Til tingingsverket for Førdefestivalen, har sett saman eit band av eksepsjonelt flotte musikarar frå Balkan og Norge for, som han seier, å blåse litt nytt liv I tradisjonsmusikken.  

Jelena Tomasevic

Til Førde får han med seg ingen ringare enn Jelena Tomasevic, Balkan-songarinna med ei fantastisk stemmeprakt som har gjort ho til ei internasjonal stjerne. -Eg er frykteleg stolt av å få med meg Tomasevic til Førde, og gler meg stort til å presentere ho for publikum der, seier Lazar. Med seg har han også sin faste medmusikant, trekkspelaren Almir Meskovic, i dag heilt I toppsjiktet blant trekkspelarar på Balkan. Meskovic er ein virtuos musikar, som blandar tradisjon med moderne uttrykk og andre stilartar på ein leiken og naturleg måte.

Daniel Herskedal. Foto: Knut Aaserud

Frå Polen har Lazar invitert musikar og produsent Greg Mischyshyn, ein unik og kreativ lydskapar som hentar inspirasjon frå ulike musikktradisjonar. Sist, men ikkje minst, har Daniel Lazar fått med seg den nye norske jazzstjerna, tubaisten Daniel Herskedal. På berre få år har han skapt seg eit internasjonalt namn, med sin heilt eigne, kreative og innovative tuba-musikk.

Med andre ord, det er litt av ein kremgjeng som entrar Larris Scene fredag 7. juli for å gje deg Phantasmagoria – ei musikalsk fantasireise – og ein eineståande kveld!


Riksscenen er medprodusent, og tingingsverket er støtta av Kulturrådet


Daniel Lazar
- fele

Jelena Tomašević - vokal

Almir Meskovic - trekkspel

Daniel Herskedal - tuba, kuhorn

Greg Miszczyszyn - elektronikk


Om Daniel Lazar

Daniel Lazar, (f. 1986) er femte generasjons fiolinist i familien. Han byrja å spele som 4-åring. Då med bestefar som lærar. Han kom til Norge første gong for 10 år sidan, som deltakar i Førdefestivalen sitt internasjonale talentprosjekt. Deretter flytta han til Norge, for å ta master ved Norges Musikkhøgskole. Han har vunne mange prestisjetunge prisar innan klassisk og folkemusikk, og har spelt meir enn 1000 konsertar i det meste av Europa. Han er kjend for sin svært virtuose spelestil, og er ein av få fiolinistar som spelar i eit slags rumensk musikalsk tonespråk kalla Doina. Sidan 2009 har Doina vore på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.


Arrangement

6. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Draumar

Idrettshallen, Førdehuset 


7. juli kl. 22.30 Daniel Lazar – Phantasmagoria / Bab L`Bluz / DJ Nefertiti

Larris Scene, Scandic


 
Forrige
Forrige

Cimarrón

Neste
Neste

DANSE, SA FELA