Cimarrón

 

Joropo-musikk utan sidestykke

Velkomen til eit hjarteleg gjensyn med fantastiske Cimarrón som i over 30 år har formidla den kraftfulle colombianske joropo-musikken ut i verda. Med kløkt og finesse har dei eminente musikarane  eksperimentert og leita etter nye perspektiv, men utan å gløyme røtene. Musikken byggjer på arven etter spanske nybyggjarar, afrikanske slavar og innfødde indianarar, og blir presentert i ein fyrrig kombinasjon av virtuositet og hjarteskjerande drama. Songen er rå, dansen intens og strengespelet er heilt utan sidestykke.

Cimarrón betyr ‘vill okse’ på slettene i Orénoque, og for gruppa er namnet ein allegori til fridomen i musikken. Leiaren av gruppa er songaren Ana Veydó som etablerte Cimarrón saman med harpisten Carlos Cuco Rojas (1954-2020). Dei styrer den moderne joropo-musikken i Colombia, spreiar den og kunnskapen om den ut i verda, og held den i kontinuerleg utvikling. Cimarrón har hausta ståande ovasjonar på dei store festivalane og dei store scenene på samtlege kontinent.

Vi overdriv ikkje om vi seier at Cimarrón spelte fletta av oss for 13 år sidan, og dei har så men ikkje kvilt på laurbæra!


Ana Veydó - vokal

Iván Arturo Vacca - bass

Duvan Uscátegui - harpe

Brayan Martinez - perkusjon

José Luis Muñoz - cuatro

Daniel Barrera - bandola, tiple Ilanero

 
 

Arrangement

8. juli kl. 17.00 Cimarrón

Parken, Festplassen

 
Forrige
Forrige

Breda Gatan

Neste
Neste

Daniel Lazar