Eneida Marta

 

Songdronninga frå Guinea Bissau

Songaren og samfunns-aktivisten Eneida Marta er ein av dei mest genuine og levande afrikanske stemmene vi har, og ein ekte ambassadør for musikken frå heimlandet Guinea-Bissau. Musikken hennar famnar om afrikanske rytmar og stilartar som gume, morna og singa. Her er eit snev både av jazz, gospel og flamenco, og Eneida syng både på portugisisk, fulani og mandespråk. Eneida Marta er svært oppteken av den humanitære situasjonen i heimlandet sitt, og er utnemnd til UNICEF-ambassadør for Guinea Bissau. 

With a career spanning 20 years, the Bissau-Guinean singer and social activist continues her brilliant music and raise her country’s flag as high as possible.
— Forbes Africa

Eneida Marta har ei 20 år lang karriere bak seg, ein karriere som skaut verkeleg fart internasjonalt etter at ho spelte på den store musikkmessa, Womex, i 2008. Det var starten på omfattande turnear som tok henne til dei store festivalane og konsertscenene i verda. No er det endeleg vårt eige publikum som skal få oppleve Eneida Marta si varme og sjelfulle stemme, som rommar både smerte og glede – og ikkje minst draumar.

  

Eneida Marta - vokal

Miguel Tapadas - keyboards

Luciano Vasconcelos - bass

Bidan - gitar

Marcos Alves - trommer

 

 

Arrangement

7. juli kl. 19.30 Eneida Marta

Idrettshallen, Førdehuset

 

07. juli kl. 11.00 Kaffipraten: Eneida Marta

Kardemomme Kaffibar

Forrige
Forrige

Ein haile halve maone

Neste
Neste

Fernando Sallum