Fernando Sallum

 

Bli med på ei magisk reise i skogen

Fernando Sallum kjem frå Amazonas i Brasil og ved å ta store og små med på magiske reiser gjennom jungelen, formidlar han song, musikk og kultur frå heimlandet. Han er levande oppteken av kva verdi naturen har for oss menneske, og ønskjer å spreie gamal visdom og tradisjon frå Amazonas. Etter mange år i Noreg, er Fernando godt kjend med norsk kultur, natur og språk.

Fernando tek med seg trommer og rytmeinstrument, som blir brukte både på morgonstund-konsertane og på barneverkstadane på festivalen. Born og vaksne blir inviterte til å spele med. Med eksotiske instrument presenterer han ulike dyr og stemningar frå skogen og naturen, og han lærer deg dansar han sjølv har lært av Huni Kuin- og Yawanawa-indianarane i Amazonas.

 

Arrangement

5. juli kl. 10.00 Morgonstund med Fernando

Vie Barnehage, Førde

Gratis


6. juli kl. 10.00 Morgonstund med Fernando

Langhaugane Barnehage, Vassenden

Gratis


7. juli kl. 10.00 Morgonstund med Fernando

Parken, Festplassen, Førde

Gratis


7. juli kl. 12.00 Barneverkstad med Fernando

Førdehuset


7. juli kl. 13.00 Barneverkstad med Fernando

Førdehuset


 
Forrige
Forrige

Eneida Marta

Neste
Neste

Festivalfilm: UTAMA