Festivalfilm: UTAMA

 

«Når den majestetiske kondoren ikkje føler seg nyttig lenger, førebur den sin eigen død» - Virginio.

Ei fabelaktig kinooppleving frå høglandet i Bolivia! Vinnar av nærare 20 festivalprisar frå store og mindre filmfestivalar, inkludert den store juryprisen på Sundance-festivalen,   «.. lågmælt, høgaktuelt og glitrande."  Dag og Tid.

Den bolivianske regissøren Alejandro Loayza Grisi starta si karriere som fotograf, og det er ikkje vanskeleg å sjå.

Virginio er ein aldrande Quechua-bonde på høglandet i Bolivia. Kvar morgon, året rundt, gjeter han lamaene sine over store avstandar. Men jorda er knusktørr og den intense sola tærer stadig på kreftene til den gamle bonden. Heime i huset er kona Disa oppteken med sine daglege sysler og ikkje minst turen for å skaffe vatn. Problemet er at det ikkje har regna på lenge, også landsbybrønnen har tørka opp. «Tiden er sliten» fortel ein ven til Virgino, for å forklare tørken.

Når barnebarnet Clever kjem på besøk frå byen, møtest to ulike kulturar.  Virginio er m.a. skuffa over at han  ikkje snakkar det lokale språket quechua, og Clever møter inga forståing for at det er betre å bu i byen.

Fr/Bolivia/Uruguay drama 

1t. 28 min. Aldersgrense (9 år) Ungdom/Vaksne

I samarbeid med Kino Førde.

Billettpris kr 130,- kjøpast i resepsjonen i Førdehuset                                                                                       

 
Forrige
Forrige

Fernando Sallum

Neste
Neste

Folkemusikken og forteljingane