Folkemusikken og forteljingane

 

Synnøve Brøndbo Plassen er norsk folkemusikk sitt største talent akkurat no. Ho blir omtala som den nye Ingebjørg Bratland, og om kort tid vil ho vere kjend for alle! På få år har ho motteke både kulturprisar og musikkprisar. Til denne konserten har ho funne fram slåttar og stev om huldrer og andre over- og underjordiske vesen.

Ein gong møtte han huldra i skogen. Sidan vart alt annleis. Tilhøvet til alt rundt han, til kvinner, til læring, til det å tenkje. Alt endra seg då han møtte ho, den underjordiske, overjordiske huldra.

Forfattaren Tormod Haugland har levd med minnet om huldra sidan han som ung kunstnar og bondeson valde forteljargleda og skapartrongen som leveveg. – Det er spanande for meg å samarbeide med ein songar som Synnøve Brøndbo Plassen, med sin hugnad for sulling, støyls – og slåttestev. Dette er delar av folkemusikken eg tykkjer kan kjennast som bruer mellom det lydlege og klanglege i musikken, og noko som svarar til det same i litteraturen, om det gjev meining?

Dette er tredje utgåva av poesikonsert-formatet «Folkemusikken og forteljingane». Her leitar vi spelemenn og -kvinner fram frå skuggane, slik berre skjønnlitteraturen kan gjere kjeldene levande for oss, med draumar og voner dei bar på.

I spel, song og dans utfalda skaparkrafta seg gjennom generasjonane, trass i band til både odel og jord. Korleis kunne spelerommet verte så stort i så tronge rammer? Slår du fylgje med Synnøve Brøndbo Plassen og Tormod Haugland til fjells og til støyls, opnar verda seg vidt under himmelen.

 

Synnøve Brøndbo Plassen – vokal

Tormod Haugland - tekstlesing

Jeff Pedersen - regi

 

Poesikonserten er utvikla i samarbeid med Rom for ord og vert produsert med støtte frå Norsk kulturråd.

  

Arrangement

8. juli kl. 18.30 Folkemusikken og forteljingane #3

Festsalen, Førdehuset


 
Forrige
Forrige

Festivalfilm: UTAMA

Neste
Neste

GABBA