GABBA
Viddeblues
Gabba er joikemeister John André Eira, og hans eminente band. Debutalbumet deira kom ut i fjor og vart omtala som eit av årets friskaste. Sjølv seier Gabba dei er sjamanane og motmedisinen for alle som har mista kontakt med røtene sine. Oppskrifta er nettopp blandinga mellom tradisjonsmusikk, blues, meisterleg joik og mystikk.
I dette møtet mellom tradisjonell joik, røffe gitarriff og intrikate basslinjer, smeltar urkraft saman med moderne musikk til ein suggererande viddeblues. Her er det lett å sjå for seg store vidder og vill natur, og på same tid kjenne på slektskapen til slentrande afrikansk ørkenblues!
John André Eira gav ut si første plate i 2014, med solo joik. I 2017 vann han Sami Grand Prix i joikedelen. Gjennom pandemi-åra har Gabba vore produktive og lisensiert og komponert musikk for media. Det mest spesielle sideprosjektet var truleg samarbeidet på HBO-serien Utmark som førte til singelen Horágallis. I tillegg har bandet var med på det kanadisk-norske prosjektet Nordic Bridges.
John André Eira - joik
Marius Trøan Hansen - trommer
Espen Bakke - bass
Christoffer Mietle Furuheim - gitar