Gabriel Fliflet
Bergensk klubbvert i særklasse
Gabriel Fliflet er ein fargerik folkemusikar og musikkmakar, og ein velkjend, humorist og klubbvert frå Bergen. Han er kjend for sitt fleirkulturelle musikkuttrykk. Trekkspel er hovudinstrument, men i tillegg trakterer han pianoet og brukar stemma som ingen andre. Musikken han skaper har grobotn og ein klang etter eit langt liv med folkemusikk. Den gjev energi, og har i 40 år vore eit lukkeleg levebrød for Fliflet. Han har rikeleg med jarn i elden året gjennom, men deler av sommarferien tilbringar han med å ta folkemusikklubben Columbi Egg til Førde. Fredag og laurdag er han klar med musikalske gjester og godstemning i Hugleik.
Gabriel Fliflet – vert, trekkspel, song