GANGAR

Foto: Knut Utler

 

Ingen tvil, dette er UNG energi!

Er du klar for ein folkemusikkfest av nye dimensjonar? Folkrockbandet Gangar er ei kule av ung energi du seint vil gløyme! I kombinasjon med alt frå Rockabilly til Djentrock vert tradisjonelle slåttar og stev kledde i ny ‘rocka’ drakt. – Vi er inspirerte av band som Hoven Droven, Shining, AC/DC og Meshuggah, seier Mattias Thedens. -Musikken vår er ung og energisk. Vi ønskjer å få norsk folkemusikk ut til eit nytt og breiare publikum, utan å kompromisse på tradisjonsmusikken.

Repertoaret finn musikalsk leiar, Mattias Thedens, i gamle plater og arkivopptak. Arrangement vert laga i fellesskap. På den måten får musikarane i bandet, som kjem frå både jazz, funk, pop, soul og metal, vere med å legge til det ekstra krutet som kan ta festen til eit nytt nivå.

På scena tek Gangar ut alt. Dei er eit utruleg konsertband som har energien på frå første stund, ein energi som svært ofte smittar over på publikum. Med Mattias Thedens, som regel i fyr og flamme, i front, vert publikum leia både gjennom allsong – og improdans, for Gangar har sin heilt eigen dans! Ein konsert med Gangar vil du hugse lenge.

Gangar er alt i ferd med å setje spor etter seg på internasjonale festivalar og konserscener, med speling mellom anna på Viljandi Folk Music Festival i Estland, Noorderzon Performing Arts Festival i Nederland, og ikkje minst på Folk Alliance International i Kansas City. Dei har sitt første album på gang i 2023.


Mattias Thedens – hardingfele, flatfele

Oskar Lindberget - saksofon

Richard Max - gitar

Jonas Thrana Jensen - bass

Henrik Dullum – trommer

 

 

Arrangement

6. juli kl. 22.30 Gangar

Larris Scene, Scandic

 
Forrige
Forrige

Gabriel Fliflet

Neste
Neste

Gatehouse