Johanna Juhola
Finsk fyrverkeri med fantasi-tango
Maken til Johanna Juhola finst eigentleg ikkje; ein rappfingra trekkspelvirtuos og allsidig komponist som gjev oss fargerik musikk i alle moglege grenseland av sjangrar. Ho kombinerer rå musikalitet med eleganse, sjarm og speleglede, og har skapt seg ein solid musikkarriere som strekkjer seg langt ut over heimlandet Finland.
Til Førde kjem Johanna Juhola med sin foreløpig siste konsertproduksjon som har tittelen Imaginary Friends. Juhola er åleine som musikar på scena, og i tur og orden spelar ho med virtuelle musikalske vener som dukkar opp på to skjermar. Artistane som har lånt stemmer og andre talent til konserten, er Emma Salokoski, Tommy Linegren, Yona og Maija Pokela, sirkusartist Sampo Kurppa, perkusjonist Sara Puljula og tangoakrobatane Timo Hakkarainen og Marjo Kiukaanniemi.
Johanna Juhola er fargerik - på alle måtar - og har skapt sin eigen finske versjon av den finske tangoen: fantasi-tango! Gjennom samarbeid med leiande musikarar innan både jazz, elektronika og klassisk musikk har ho utvikla seg til ein visjonær og framtidsretta musikar og komponist som skaper nye musikalske retningar.
Johanna Juhola - trekkspel, komponist
Valo Virtanen - lys og visuell design
Teemu Korpipää - lyddesign