Min tradisjon: Ingrid Schei Stuhaug

 

Sunnfjordsk tradisjonsberar


Ingrid Schei Stuhaug frå Naustdal i Sunnfjord er felespelar. Til dagleg er ho distriktsmusikar i folkemusikk ved Sunnfjord kulturskule. Ho aktiv i ulike konstellasjonar, som Gamlebanken Spelemannslag og i duo med Ole Nilssen. Sistnemnde og ho er også initiativtakarar og leiarar for Sunnfjord Juniorspelemannslag. I Førdefestivalen sin nye konsertserie, Min tradisjon, formidlar Ingrid Schei Stuhaug korleis det er å vere tradisjonsberar.  

Folkemusikktradisjonane våre er musikk med sterk lokal identitet og særpreg, som har vorte munnleg formidla frå generasjon til generasjon i lange tider. Korleis er det å vere ein såkalla tradisjonsberar i dag, og korleis kjenner ein på ansvaret som ligg i det? Schei Stuhaug spelar slåttar etter dei viktigaste kjeldene og førebileta sine, og samtalar med Benedicte Maurseth om det å formidle og vidareføre ein kulturtradisjon i dag.

Ingrid Schei Stuhaug spelar også til dans på festivalen, saman med trekkspelar og distriktsmusikar-kollega, Ole Nilssen.

 

Ingrid Schei Stuhaug - hardingfele

Benedicte Maurseth - intervjuar

 

Med støtte frå:

 

 

 Arrangement

9. juli kl. 13.30 Min tradisjon: Ingrid Schei Stuhaug

Haarklousalen, Gamlebanken

 

 
Forrige
Forrige

Indre Sunnfjord Spelemannslag

Neste
Neste

Johanna Juhola