Indre Sunnfjord Spelemannslag

 

Sunnfjordske dansetakter og -tradisjonar

Indre Sunnfjord Spelemannslag har gjennom mange år markert seg som eit av landets aller fremste spelemannslag, og driv aktivt med konsertar og dansespel. På merittlista står ei rekkje kappleikssigrar, og laget kan dessutan skilte med eit omfattande rekrutteringsarbeid innan spel og dans. Blant medlemmene er det fleire framståande solistar og grupper som har markert seg både lokalt og internasjonalt. Slåttemusikken frå Sunnfjord er eit naturleg fokus for laget, men på repertoaret står også musikk frå resten av Vestlandet.

Indre Sunnfjord Spelemannslag vart skipa 9. februar 1969. Øvingane den første tida var på Heimyrkjeskulen på Vassenden, med Einar Bakkane frå Naustdal som musikalsk leiar. I 1973 tok Sigmund Eikås frå Jølster over som musikalsk leiar, og det har han med unntak av eitt år  vore sidan!

 

Arrangement

6. juli kl. 18.30 Kræsjkurs i runddansar

Eventyrrommet, Førdehuset

Gratis


 6. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster

Jølstramuseet, Vassenden


 7. juli kl. 16.00 Landslaget for Spelemenn

Storsalen, Førdehuset


 7. juli kl. 21.00 Meir dans!

Festsalen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

Gatehouse

Neste
Neste

Min tradisjon: Ingrid Schei Stuhaug