Kader Tarhanine

 

Den nye perla i moderne tuareg-musikk

Kader Tarhanine er den nye perla i moderne tuareg-musikk, og ein av dei mest populære artistane i Sahara-området.Tarhanine har skapt ein ny stil. Han er ungdommeleg og eit verkeleg naturtalent, og slo gjennom som musikar for ti år sidan, då songen hans, Tegla, om tapt kjærleik, vart ein slager i tuareg-kretsar over heile verda.  

Musikken til Tarhanine er inspirert av det rike repertoaret i Sahel-Sahara-området, rundt Mali, Niger, Algerie, der han vart fødd og har vakse opp. Tradisjonelle rytmar vert kombinerte med rock-element og tekstar på sahel og arabisk. Etter sine første turnéar i Afrika og Europa, vert Kader Tarhanine rekna som ei av dei finaste stemmene blant musikarane i sin generasjon. I tillegg er han ein meister på gitar. Tarhanine har samarbeidd med fleire av dei store stjernene frå Mali, som Fatoumata Diawara og Sidiki Diabaté. Dette har gjort han til ein musikalsk fredsmeklar mellom dei nordlege og sørlege regionane i heimlandet, som i lang tid har vore prega av politisk og etniske konfliktar.

Dramane Toure

Mohamed Alhousseini

Abd Elkadir Sabou

Mohammed Zenani

Festival in Exile Caravan 2023

Festival in the Desert, vart etablert i 2001, og var ein årleg festival i Esakane, like ved byen Timbuktu i Mali. Før festivalen vart brutalt stoppa av ekstremistar, rakk den å bli ein av dei mest kjende arrangementa i Afrika.

Når uroa i den nordlege delen av landet gjorde det uråd å invitere heile verda til festival i Esakane, gjorde dei festivalen om til ein ‘festival i eksil’, ved å organisere turnéar for musikarar frå Mali. Dette har vore ein fredeleg protest mot intoleransen mot musikk i landet. Årets karavane skal turnere i Europa og Nord-Amerika, og ein av artistane kjem altså til Førdefestivalen: Kader Tarhanine.

Festival in Exile Caravan 2023 er støtta av Den norske ambassaden i Mali.

 

 Arrangement

5. juli kl. 21.00 Kader Tarhanine

Larris Scene, Scandic


 6. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Draumar

Idrettshallen, Førdehuset


 6. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster
Kader Tarhanine duo

Jølstramuseet, Vassenden

 
 
Forrige
Forrige

Kari Finne Sognnæs & Astri Sudmann

Neste
Neste

KALDE MØNSTER - FILM