KALDE MØNSTER - FILM

 

Vakker og gripande dansefilm frå nord

Dansefilmen «Kalde Mønster» er resultatet av Bygda Dansar sitt prosjekt i Troms; «Arktisk Takt». Både utøvarane, dansematerialet og musikken er frå Troms, og den er filma i Øverbygd.  

Snart tre år er gått sidan Arktisk takt – Bygda dansar Troms, kom for å gjere ungdom merksam på sin eigen unike immaterielle kulturarv, nemleg folkedansen frå Troms. På desse tre åra har prosjektet vore innom mange skular, dansa med fleire hunder ungdommar, hatt 16 dansesamlingar, laga ei framsyning og laga denne fine dansefilmen, Kalde mønster.

Filmen er ein episodisk novellefilm. Samspelet mellom ungdommane i filmen er sentralt, både som medmenneske og dansarar. Nærleik, rytmikk og kraft i dansen er dei sentrale elementa. Handlinga er underbygd med sitat frå eldre kjelder og intervju om dans i Troms og områda rundt.

Musikk av Benjamin Mørk, og trioen Julie Alapnes, Kristian S Olstad og Mariann Torset.

Regi: Sigurd Johan Heide
Kamera: Eirik Heim/CruxFilm
Klipp: Marte Aasen

Filmen er eit samarbeid mellom Kalottspel, Norsk Senter for Folkemusikk og Folkedans, Folkemusikk Nord og Istind Arrangement. 

Arrangement

6. juli kl. 17.30 FILM: KALDE MØNSTER
Lisjesalen, Førdehuset

Gratis

 
Forrige
Forrige

Kader Tarhanine

Neste
Neste

KANDA BONGO MAN