KANDA BONGO MAN

 

Afrikansk soukous-legende

Han er ei superstjerne heime i Den republikanske republikken Kongo, og han er mannen som gav verda ‘Kwasa Kwasa’, den ultrasmittande kongolesiske dansestilen, og han er verdas leiande eksponent for soukous. Det siste er rekna som den heitaste og mest frenetiske dansemusikken som har kome frå Afrika på fleire tiår. Med sin tette og nesten hypnotiske perkusjon, og eit drivande og smidig gitarspel, lånar soukous element frå andre rytmiske sjangrar som rumba, juju og pop, men soukous er i røynda ei rytmeoppfinning som er notorisk uimotståeleg. Dette er musikken som har gjort Kanda Bongo Man til ein av dei fremste ambassadørane for afrikansk populærkultur. For alle dykk som opplevde Dizzy Mandjeku i Førde i fjor sommar, her er det berre å glede til ein ny porsjon rotekte danserytmar à la Førdefestivalen!

  

Bongo Kanda - vokal

Ilonga Nkoso - vokal

Isaoti Nkoso - gitar

Belangeni Jeannot Musumbu - gitar

Mushy Bula - bass

Mafwala Komba - trommer

Cleopatra Dauvergne - dansar

Meron Lemma Abera - dansar

 

Arrangement

8. juli kl. 12.30 Kaffipraten: Kanda Bongo Man
Kardemomme kaffibar

Gratis


8. juli kl. 22.30 Festivalnatt: Nkumba System / Kanda Bongo Man / DJ Nefertiti

Sunnfjordsalen, Scandic

 
Forrige
Forrige

KALDE MØNSTER - FILM

Neste
Neste

Knekke Greine