Knekke Greine

 

Bli med på sirkus- og folkemusikkmagi i skogen

Knekke Greine er eit interaktivt og spennande skogs-sirkus-eventyr for alle aldrar. Du blir teken med ut i skogen, der to sirkusartistar og to musikarar møter deg med luftig akrobatikk og folkemusikk. Inspirerte av idear frå naturvitskap, nordiske myter og enkle barneleikar, skaper akrobatane og musikarane ei heilt spesiell oppleving ute i skogen. Dei ønskjer å inspirere oss alle, uansett kor gamle vi er, til å opne oss og  sjå livet i skogen og naturen på ein ny måte. 

Knekke Greine skaper nye framsyningar for kvar plass dei vitjar. I Førde har vi valt oss ein hemmeleg plass, og dit vil du bli køyrd i buss. Det er ikkje langt unna sentrum, men vi vil gjerne at alle skal komme på same tid. Det blir i alt fire framsyningar under festivalen, med plass til 30 publikummarar kvar gong.

Love Kjellson

Karoline Aamås

Ester Thunander

Mira Leonard

 

Arrangement

Alle må ta buss frå Førdehuset til desse framsyningane!

6. juli kl. 15.00 Knekke greine #1
Skogen


6. juli kl. 17.00 Knekke greine #2

Skogen


7. juli kl. 15.00 Knekke greine #3

Skogen


7. juli kl. 17.00 Knekke greine #4

Skogen


5. juli kl. 18.00 Opning festivalutstilling - Marianne Morild

Høgsalen, Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Musikarar: Love Kjellson og Ester Thunander

Gratis


6. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster - Love Kjellson og Ester Thunander

Jølstramuseet, Vassenden


 
Forrige
Forrige

KANDA BONGO MAN

Neste
Neste

Landslaget for spelemenn 100 år!