Landslaget for spelemenn 100 år!  

 

Landets beste spelemenn og -kvinner klare for innsats i Førde!

I samband med 100-årsjubileet for FolkOrg, har sentrale aktørar sett saman det nye Landslaget for spelemenn som vert å sjå i aksjon på nokre få utvalde stadar i Norge, mellom anna på Førdefestivalen.

Landslagskonserten har fått namnet «100 år med folkemusikk på 90 minutt». Her vil forfattar og skodespelar Liv Gulbrandsen lose oss gjennom folkemusikksoga, med ein outsiders respektfulle skråblikk og akkompagnert av eit musikalsk stjernelag: Landslaget for spelemenn!

Før spelemannslandslaget sin konsert på Førdefestivalen, har leiinga meldt om fleire endringar i lagoppstillinga. -Endringane skuldast både skadar og sjukdom, men det har heldigvis gått fint å få på plass nye utøvarar, sjølv om sommaren er høgsesong, seier manager Jørund Fluge Samuelsen.

Trass endringar i spelargruppa stiller landslaget i sin vanlege tretaktsformasjon, med Veslemøy Narvesen som anker. Ho blir flankert av Sondre Meisfjord og Anders Lillebo (ny). Ny på sweeperplass er Hans Martin Austestad. I angrep er den superfarlege duoen Tuva Livsdatter Syvertsen og Erik Sollid, som får god støtte i Nina Fjeldet (var også med på førre konsert på Vossa Jazz). I Førde har landslaget fått med superreservane Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken, også kjende som superduoen Spindel, og John André Eira frå Gabba, er også kalla inn på kort varsel. Tanken er nok at han skal inn på topp. Indre Sunnfjord Spelemannslag er dei heilt lokale reservane, som skal syte for ekstra breidde i spelet.

Her er lagoppstillinga i Førde:

Tuva Livsdatter Syvertsen – vokal, feler

Nina Fjeldet – fele, vokal

Erik Sollid – feler, vokal, tenorgitar, mandolin

Hans Martin Austestad – gitarar

Anders Lillebo – trekkspel, trøorgel, piano

Sondre Meisfjord – kontrabass, bass

Veslemøy Narvesen – trommer, perkusjon

Liv Gulbrandsen - tekstar

Innbytarbenk:

Sigrid Moldestad - fele

Liv Merete Kroken - fele

John André Leira (Gabba) - joik

Indre Sunnfjord Spelemannslag

Denne konserten er eit samarbeid med FolkOrg, Riksscenen og Vossa Jazz.

Arrangement

7. juli kl. 16.00 Landslaget for Spelemenn

Storsalen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

Knekke Greine

Neste
Neste

Lendmenn