Lendmenn

 

Den aller beste gamaldansmusikken

Lendmenn spelar fengande runddansmusikk med eit ungdommeleg og utåtvent preg. Gruppa vart starta i 2005, og har i løpet av dei siste ti åra etablert seg som ei av dei fremste innan sin sjanger. Publikum og dansarar landet rundt har bite seg merke i den unike kombinasjonen av bratsj, toradar og trekkspel i drivande samspel med bass og gitar. All musikken dei spelar er tufta på dansemusikk, og dei meiner sjølv at musikken kjem til sin rett fyrst når den vert dansa til. Difor vart debutplata deira frå 2015, «Den fyrste», spelt inn med dansarar i lokalet. Repertoaret er sprekt og variert med ei god blanding av tradisjonelle og nyare komposisjonar. Lendmenn har vunne gruppespel under Landsfestivalen i gammaldansmusikk tre gongar; i 2017, 2018 og 2022!

Ved å vinne gruppespelet i Landsfestivalen for gammaldansmusikk, har Lendmenn også automatisk vore ‘kvalifiserte’ til å spele til dans på Førdefestivalen.

 

Bjørn Kåre Odde – viola

Øyvind Sandum – torader

Mads Erik Odde – trekkspel

Steinar Odde – gitar

Bjarne Odde – kontrabass

 

Arrangement

7. juli kl. 21.00 Meir dans!

Festsalen, Førdehuset


 8. juli kl. 22.00 Endå meir dans!

Festsalen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

Landslaget for spelemenn 100 år!  

Neste
Neste

LERKEFALK