LERKEFALK
Lerkefalk vart starta opp gjennom prosjektet Folksession gammaldans, i regi av Riksscenen, eit musikkprosjekt som fokuserer på runddansmusikk.
Lerkefalk sin visjon er å utforske kva som er mogleg med gamaldansen, gjennom nye komposisjonar og re-arrangement av tradisjonsmusikk. Det einaste vilkåret som gjeld, er at det skal vere dansbart! Musikarane har stor sjangerbreidde, som gjer at det melodiske, harmoniske og rytmiske får ein ny vri i deira nye komposisjonar, samstundes som essensen i runddansen blir ivareteke på aller beste måte!
Trygve Liahagen - fele
Marius Westling - fele
Emil Horstad - trekkspel
Håkon Huldt-Nystrøm – kontrabass