Leyla McCalla

 

Breaking the thermometer to hide the fever

Leyla McCalla er ein amerikansk songar, multiinstrumentalist og komponist. Ho kjem frå ein haitisk emigrantfamilie, med foreldre som begge har vore svært aktive i fridomskampen på Haiti, kampen mot fattigdom og marginalisering.

Hennar siste album, Breaking the Thermometer, er ei sterk forteljing frå Haiti sin kamp for demokrati og særleg rolla radiostasjonen Radio Haïti spelte, men det er også McCalla si personlege historieforteljing om identitet og familie, og forståinga av offera og utfordringane immigrantslektningane hennar måtte overvinne.  

Ved første augekast, handlar plata om arven etter Radio Haiti, den første radiostasjonen på Haïti som brukte kreolsk og snakka med folket si stemme. Gjennom 50 år risikerte journalistane i Radio Haïti liva sine for å formidle stemma til folket, og for ei fri og uavhengig presse.

På eit litt djupare plan er plata eit personleg oppgjer med minne og identitet, med rollene til artistar, aktivistar og immigrantar i moderne samfunn og med historieforteljinga i seg sjølv. Ved å fordjupe seg i prosjektet, måtte Leyla McCalla kjempe med sine eigne erfaringar som haiti-amerikansk kvinne. Ho nøsta opp lag av marginalisering og generasjonar med undertrykking og vilje, på jakt etter ein tydelegare visjon om seg sjølv og kva som var meint for ho.

Musikken er fengslande, med sofistikerte melodiar og fengane afro-karibiske rytmar. Samanstillinga av stemmer; engelsk og kreolsk, personleg og politisk, anekdotisk og journalistisk er fascinerande og vidarefører draumen frå forfedrane og ånda til det haitiske folket. I Breaking the thermometer avdekker McCalla både historien til Radio Haiti, men også ei større forståing for kva demokrati og umistelege menneskerettar betyr for kvar av oss, uansett kvar vi er frå.

Leyla McCalla er ein svært høgt respektert musikar, og har mellom anna vunne Grammy med den afro-amerikanske strengekvartetten Caolina Chocolate Drops (2019). Ho har gjeve ut fleire soloplater, konseptplater, som ho har hausta svært mykje ros for: A Day For Fhe Hunter, A Day For The Prey (2016) og Capitalist Blues (2019.

Leyla McCalla – vokal, banjo, gitar, cello

Shawn Meyers - cello, banjo og haitisk perkusjon

Pete Olynciw - bass

Nahum Zdybel - gitar



Les artikkel om Breaking the Thermometer:

https://www.anti.com/news/leyla-mccalla-announces-moving-new-album-inspired-by-radio-haiti-titled-bre/

 
 

Arrangement

6. juli kl. 14.00 Kaffipraten: Leyla McCalla

Kardemomme kaffibar - Gratis


 6. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Draumar

Idrettshallen, Førdehuset


 7. juli kl. 18.00 Leyla McCalla - Breaking the Thermometer

Larris Scene, Scandic

 
 
Forrige
Forrige

LERKEFALK

Neste
Neste

Marianne Morild - festivalutstilling