Marianne Morild - festivalutstilling

 

Tunger i tre, preiker i steinar

Korleis rører liva våre ved andre typar liv? Kva samanhengar kan oppstå, og kva gjer samanhengane med oppfatninga vår av verda? Biletkunstnar Marianne Morild har arbeidd med desse problemstillingane i måleria og leirskulpturane ho syner fram i denne utstillinga.

Den surrealistiske utstillingstittelen skaper mange biletlege assosiasjonar og sparkar i gang førestillingsevna vår. Utsegna er henta frå Shakespeare sitt skodespel As You like it (norsk tittel: Livet i skogen, gjeve ut i 1623). I stykket er karakterane i eksil i skogen, Shakespeare søkte å skildre korleis naturen erstattar sivilisasjonens ting:

‘Og dette vårt liv, unnateke offentleg tilhaldsstad, finn tunger i tre, bøker i rennande bekkar, preiker i steinar og godt i alt.’

Om kunstnaren

Marianne Morild (f.1972) har mastergraden MA Fine Art Degree frå Central St. Martin’s College of Art i London. Ho bur og arbeider i Bergen. Verka hennar har vore stilt ut ved mellom anna Kunsthall 3,14 (Bergen, 2021), Centre Pompidou-Metz (Frankrike, 2021) og Taipei Biennale (Taiwan, 2020).

Utstillingsperiode: 5. juli - 15. oktober

Arrangement

5. juli kl. 18.00 Opning festivalutstilling - Marianne Morild

Høgsalen, Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Gratis

 
Forrige
Forrige

Leyla McCalla

Neste
Neste

Mónika Lakatos & The Gypsy Voices