Mónika Lakatos & The Gypsy Voices

 

Den fremste ambassadøren for Olah Romani-tradisjonen

Monika Lakatos si karriere starta med at ho vann eit stort talentshow på Ungarsk TV i 1996. I konkurranse med ein bråte popsongarar stod ho fram og song den tradisjonelle musikken frå Olah Romani folket, og vann.

I Ungarn er Olah Romani ein minoritet av ein minoritet, og det er berre 30 000 menneske som framleis snakkar språket og held kulturen i hevd.  Talentshowet var starten på ei stor karriere, og Monika Lakatos har brukt den  til å tøye grenser og vise fram stemma og erfaringane som kvinne i eit ganske maskulint samfunn. Det, i tillegg til at ho er ein fantastisk musikar gjorde at ho i 2020 fekk heideren Womex Lifetime Achievement Award, ein av dei mest prestisjetunge prisane i verdsmusikkbransjen.

Det nyaste prosjektet hennar er med The Gypsy Voices, og fokuset er på den rytmiske og pulserande energien i Olah Romani tradisjonen. Her er det kvikke rytmar og festlege arrangement, og musikarane trakterer sjølvsagt også viktige tradisjonsinstrument som mjølkespann og skeier!  


Mónika Lakatos
Csaba Rostás
Máté A. Kovács
Mihály Rostás
Mónika Horváth Rostásné
Róbert Lakatos
Vilma Jakab Gavódiné

 
 

Arrangement

9. juli kl. 15.00 Mónika Lakatos & The Gypsy Voices
Storsalen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

Marianne Morild - festivalutstilling

Neste
Neste

NAWAR ALNADDAF TRIO