NAWAR ALNADDAF TRIO

 

Norsk-arabisk musikkeleganse

Nawar Alnaddaf er songar og oudspelar frå Syria. Ho har ein arabisk bachelor i musikk, og har studert ved Norges Musikkhøgskole. I møtet med vestlege musikksjangrar, og særleg norske folkemusikktradisjonar ser Alnaddaf eit stort potensial for den arabiske ouden. -Ein kan spele oud til det meste av folkemusikk, også den norske. Eg komponerer min eigen musikk, men arrangerer også andre sin, til dømes frå sufisme, norsk folkemusikk og norske salmar, på min eigen måte, seier Alnaddaf.

Nawar Alnaddaf spelar i fleire konstellasjonar i Norge, mellom anna med Ole André Farstad i Meelodi som spelte på Førdefestivalen i 2021. Same året var ho nominert til Drømmestipendet. No kjem ho til Førde med sin eigen trio og sin eigen musikk. Komposisjonane hennar er moderne, med eit rikt, varmt og levande lydbilde. Med bakgrunn frå jazz, norsk folkemusikk og arabisk musikktradisjon har trioen eit godt utgangspunkt for samarbeid, men også for spenning og nyskaping.

 

Nawar Alnaddaf – oud, fløyte, vokal

Safaa Al-Saadi – arabisk perkusjon

Alf Høines – kontrabass

 

Arrangement

8. juli kl. 15.00 Nawar Alnaddaf trio

NB! Denne konserten er flytta frå Teatersalen til Festsalen, Førdehuset

 

8. juli kl. 22.30 Columbi Egg

Restaurant Hugleik, Scandic

 
Forrige
Forrige

Mónika Lakatos & The Gypsy Voices

Neste
Neste

NKUMBA SYSTEM