Ole Nilssen og Ingrid Schei Stuhaug

 

Dansemusikk frå aust og vest

Når Ole Nilssen frå Løten og Ingrid Schei Stuhaug slår seg saman som duo og spelar til dans, blir det dansetakter frå både Hedmarken og frå Sunnfjordtraktene. Dei to er distriktsmusikar-kollegaer ved Sunnfjord kulturskule, og initiativtakarar og leiarar av det nystarta Sunnfjord juniorspelemannslag. Duoen lovar både gammaldansmusikk og bygdedansar frå aust og vest.


Ole Nilssen spelar trekkspel og toradar. Han kjem frå ei folkemusikkslekt på Løten og har hatt far og bestefar som  læremeistrar i oppveksten. Han har gjeve ut soloplata Permiér og vunne Folkelarmprisen med gruppa Rustad/Nilssen/Ranøyen. Han er også dansar, og har teke heim sigeren i A-klassen på landskappleiken to gonger.


Ingrid Schei Stuhaug er frå Naustdal. Ho spelar hardingfele, og er aktiv fleire konstellasjonar, til dømes Gamlebanken spelemannslaget, der alle medlemmene i si tid var elevar ved kulturskulen då denne låg i Gamlebanken i Førde. Schei Stuhaug spelar i hovudsak slåttar i tradisjon etter kjelder på Vestlandet, og ho er også å høyre solo i ein ny konsertserie på Førdefestivalen, som har fått tittelen Min tradisjon.  

 

Ingrid Schei Stuhaug - hardingfele

Ole Nilssen - trekkspel, toradar

 

Arrangement

7. juli kl. 21.00 Meir dans!

Festsalen, Førdehuset

  

 
Forrige
Forrige

NMH Folk Big Band

Neste
Neste

REGLEBEIN, REGLEBEIN!