REGLEBEIN, REGLEBEIN!

 

Feiande flott konsertframsyning for heile familien

Ein sliten reinhaldar set frå seg vaskevogna si og tek ei pause. Ho sovnar. I draumen står ho brått midt i ein gjeng musikarar og dansarar i glitrande kostyme som dreg ho med seg inn i eit univers av musikk, dans og leik!

Kva skjer når tilsynelatande meiningslause rim og regler blir til seriøs musikk og dans? Er det eigentleg seriøst, eller er det berre tull? Ellingar og hurrarop frå leiken i skulegarden møter nyskriven musikk og set rytme i reglebeina. Hans Martin Austestad har laga musikk til alt frå Ride, ride ranke til Chickelacke chickelacke. Belinda Braza og Silje Onstad Hålien har regissert og koreografert  alt det merkelege og rare som kan skje i draumeland! Leik og tull, alvor og fjas går hand i hand. Akkurat slik vi kjenner det frå sjølve livet.

Framsyninga er produsert av Osafestivalen i samarbeid med Riksscenen og støtta av Norsk Kulturråd, Vestlandet Fylkeskommune og FFUK.


Komponist
– Hans Martin Austestad

Koreograf – Silje Onstad Hålien

Regi – Belinda Braza

Produsentleiing – Silje Onstad Hålien og Nina Fjeldet

Hans Martin Austestad - banjo

Terje Engen - trommer

Jon Bugge Mariussen

Irene Tillung - trekkspel

Sondre Meisfjord - bass

Silje Risdal Liahagen, vokal

Birgitte Halldis Blomlie - fele, dans

Nina Fjeldet - fele

Silje Onstad Hålien - dans

 

Arrangement:

8. juli kl. 15.00 Reglebein, reglebein

Storsalen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

Ole Nilssen og Ingrid Schei Stuhaug

Neste
Neste

Sunnfjord Juniorspelemannslag